fredag, september 05, 2008

Holland Park ...


...er ikkje liten




Det er jo gjerne slik at parkane i dette landet ikkje er små, og Holland Park er ikkje noko unntak. Gigahumongous. Og han ligg rett utanfor huset mitt. Mitt og mitt… Huset til KFUK. Huset eg bur i. Men i alle fall… Kjempesvær. Inni parken finnst små miniparkar og hagar og tehus og ekorn og ekorn og ekorn og påfuglar. Og benkar. Slike menger med benkar. Med inskripsjonar. De veit, slike á la ”Til minne om Salim som elska å gå tur i denne parken og pla kvile under desse greinene” eller ”Til minne om Rose som elska denne hagen”. Litt koseleg, eigentleg. Eg har teke bilete. Enjoy.