Helst ein lærarjobb, men ein helgejobb hadde og vore fint om
det eg skulle få av lærarjobbing berra var lause vikartimar her og der. Ja, ja,
eg veit, is i magen og alt det der, men eg kjenner eg byrjar å verte berre
bittelitt stressa… Berre
nemner det, liksom…
Viser innlegg med etiketten Lærerlalling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lærerlalling. Vis alle innlegg
fredag, august 17, 2012
tirsdag, mars 01, 2011
Sidan sist
Når førre posten heiter “God jul” og me no kan helse kvarandre “god mars”, seier det sitt om oppdateringsfrikvensen til denne bloggaren. Det hadde vore fint å kunne hevde at manglande bloggoppdatering skuldast aktivt og innhaldsrikt liv utanfor bloggsfæren, eller utanfor internetten generelt for den saks skuld, men ein slik påstand ville vore dikt og forbanna løgn. Ikkje det at eg har eit aktivt og innhaldsrikt liv i bloggsfæren eller på internetten heller. Ein slik påstand ville òg kome i kategorien sanning med modifikasjonar. Livet mitt inneheld nemleg ein heil del ganske mykje ingenting. Årsakssamanhengen bak den manglande bloggoppdateringa har difor nøye samanheng med generell latskap. Så veit de det…
Sidan sist, det vil seie julekvelden, har eg drive ein del med jobbing og ein del med jobbsøking. Eg har nemleg hatt den noko tvilsame gleda (eller ei anna kjensle…) av ei adeccotilknyting, som eg no må klare meg utan ettersom St. Paul (skulen, ikkje helgenen… I alle fall ikkje så vidt eg veit…) hadde medynk med meg og skreiv meg på vikarlista si. Hurra! Eigentleg skulle dei ikkje ha bruk for meg før etter vinterferien, men så fekk eg ei tekstmelding på torsdag om eg ikkje kunne kome fredag, og det kunne eg. Sjølvsagt! Så spurde dei om eg ikkje kunne kome kvar dag etter vinterferien i ein månad, hundre prosent, og det kunne eg. Sjølvsagt! Det er nesten så ein får lyst til å konvertere. (Om eg prøvde kunne eg sjølvsagt òg klare å finne grunnar som taler mot å konvertere, men i høve det er sanning i det gamle ordtaket om å ikkje bite handa som før deg, lar eg den ballen liggje. Enn so lengje. Ein kan fort kome til å trø feil i slikt ulent terreng…)
Ganske nøgd med tilvere.
mandag, september 06, 2010
Ufattelig kule Martin glemmer et lite øyeblikk at skole er driiitkjedelig:
Moi: Husker dere i går at vi snakket om fellesnavn og egennavn?
Martin (uten å rekke opp hånden, som vanlig): Ja, det var dritgøy!!! Eller, eg menar... Okey, då, det va gøy...
Denne lærertingen - eg e bare best ;D
Martin (uten å rekke opp hånden, som vanlig): Ja, det var dritgøy!!! Eller, eg menar... Okey, då, det va gøy...
Denne lærertingen - eg e bare best ;D
tirsdag, juni 01, 2010
Elin løyser midtaustenkonflikten, one alvorsprat at the time
Kva er regelen om å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn? Hei! Sjå på meg. No snakkar eg, og når eg snakkar, kva er det du skal gjere då? Du skal vere …? Stille, ja, og kva meir skal du gjere? Nettopp! Du skal høyre etter. Høyrer du etter no? Flott. Kva var det eg spurde deg om? Du veit ikkje? Det er av di du ikkje høyrer etter. Eg spurde kva regelen om å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn er. Veit du ikkje? Å, du veit det. Vil du ikkje seie det? Er det lov å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn? Du, sjå på meg. Har du lov å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn? Nei, heilt rett, det har du ikkje. Men når du veit at du ikkje har lov til å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn, kvifor gjer du det då? Hadde dei våpen, seier du? Men du, Tyrkia hadde jo skjekka det, at dei ikkje hadde våpen. Jammen, kvifor stoler du ikkje på Tyrkia då? De har jo vore vener lengje, de. Ja, eg veit at Tyrkia ikkje vil vere venen din lenger, men trur du at du kanskje må ta noko av skulda for det? Nei vel… Av di Tyrkia er teit og dessutan hadde skipa våpen? Ja, ja, ja, eg skal sjå på bilete ditt. Eg ser. Men du, er du sikker på at dette er våpen, og ikkje verkty og kjøkkenutstyr? Du meiner det er våpen? Våpen som dei skulle smugle inn i Gaza til Hamas? Så det du seier er at heile denne humanitære aksjonen er eit skalkeskjul for å få smugla inn eit artilleri av kjøkkenknivar og skiftenøklar til uvenen din? Men du, sjølv om det skulle vere slik at det hadde vore våpen på skipa… Hyssssj. Du, no er det eg som snakkar. Sjølv om det skulle vere slik at det hadde vore våpen på skipa, tyder det at du har lov å gjere åtak på dei i internasjonale farvatn? Du, kva var det vi nettopp sa om regelen om å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn? Nemleg, det er ikkje lov. Så, sjølv om du trur at dei har våpen, og sjølv om dei er vener med uvenen din, viss dei ligg i internasjonalt farvatn, så har du ikkje lov til å gjere åtak på dei. Er det greitt? Du, sjå på meg. Augo denne vegen. Er det greitt? Du har ikkje lov til å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn. Er-det-greitt? Aldri meir? Du, eg er ikkje så interessert i kven som byrja. Ro deg ned. Også ser du på meg. Jammen, eg skal snakke med dei òg, men akkurat no snakkar eg med deg, og no fortel eg deg at du ikkje har lov til å gjere åtak mot skip i internasjonale farvatn. Okei? Greitt. Skal du seie orsak, då? Nei? Men du, når me har gjort noko gale, så må me jo be om orsaking. Ikkje? Jammen då tykkjer eg at du skal sitje har på benken en stund og tenkje deg om. Så kan du tenkje litt på dei tinga som du gjorde, også kan du tenkje litt på dei tinga som dei gjorde, også kan du tenkje litt på korleis du opplevde dei tinga som dei gjorde, også kan du tenkje litt på korleis du trur dei opplevde dei tinga som du gjorde. Eg kjem og hentar deg om ei lita stund.
lørdag, mars 20, 2010
Become a teacher!
Ok, så jeg forelsket meg litt i Armstrong og Miller for en stund siden, hovedsaklig på grunn av RAF-sketsjene.
For noen uker siden, da jeg satt og prokrastinerte på Youtube i all min arbeidsløshet, kom jeg over noen andre Armstrong-og-Miller-sketsjer som virkelig varmer mitt lærervikarierende hjerte. Enjoy!
For noen uker siden, da jeg satt og prokrastinerte på Youtube i all min arbeidsløshet, kom jeg over noen andre Armstrong-og-Miller-sketsjer som virkelig varmer mitt lærervikarierende hjerte. Enjoy!
Abonner på:
Innlegg (Atom)