Viser innlegg med etiketten Sidemålsstil. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sidemålsstil. Vis alle innlegg

lørdag, august 11, 2012

Hei, igjen...


Ja, kva skjedde eigentleg med alle gode føremål om å blogge oftare (jf. førre bloggposten…)? Om eg kastar blikket ned på bloggarkivet (i sidebaren…), ser eg at eg ikkje har lagt ut noko i det heile i 2012.  (Om de kastar blikket ned på bloggarkivet, vil de sjå at eg har blogga i 2012. Om de les dette har eg nemleg somla meg til å leggje ut denne posten, men førebels, medan eg skriv dette, har eg ikkje det… enno…) Førre innlegg var i april 2011. Det er altså godt over eit år sidan sist.  Kva kan eg seie? Det er lengje sidan eg konkluderte med at bloggoppdatering ikkje er mi sterkaste side…

Det er ikkje det at eg ikkje har tenkt på det. Tanken har slege meg ganske ofte, faktisk, men så har det ikkje vorte til at eg har gjort noko med det. Anten har det heile vorte borte i prokrastinering eller så har det drukna i ein overambisjon om at om det fyrst skal bloggast, så skal det gjerast ordentleg. Dette siste er berre teit. Det er ingenting i denne bloggen som tyder på at lista ligg høgt. Difor, altså, denne posten... Om at eg ikkje har blogga på lengje...  Berre for å senke lista i hovudet mitt, liksom, slik at eg kanskje kan kome i gang igjen. Vonleg. Kanskje. Me for sjå.

tirsdag, mars 01, 2011

Sidan sist

Når førre posten heiter “God jul” og me no kan helse kvarandre “god mars”, seier det sitt om oppdateringsfrikvensen til denne bloggaren. Det hadde vore fint å kunne hevde at manglande bloggoppdatering skuldast aktivt og innhaldsrikt liv utanfor bloggsfæren, eller utanfor internetten generelt for den saks skuld, men ein slik påstand ville vore dikt og forbanna løgn. Ikkje det at eg har eit aktivt og innhaldsrikt liv i bloggsfæren eller på internetten heller. Ein slik påstand ville òg kome i kategorien sanning med modifikasjonar. Livet mitt inneheld nemleg ein heil del ganske mykje ingenting. Årsakssamanhengen bak den manglande bloggoppdateringa har difor nøye samanheng med generell latskap. Så veit de det…

Sidan sist, det vil seie julekvelden, har eg drive ein del med jobbing og ein del med jobbsøking. Eg har nemleg hatt den noko tvilsame gleda (eller ei anna kjensle…) av ei adeccotilknyting, som eg no må klare meg utan ettersom St. Paul (skulen, ikkje helgenen… I alle fall ikkje så vidt eg veit…) hadde medynk med meg og skreiv meg på vikarlista si. Hurra! Eigentleg skulle dei ikkje ha bruk for meg før etter vinterferien, men så fekk eg ei tekstmelding på torsdag om eg ikkje kunne kome fredag, og det kunne eg. Sjølvsagt! Så spurde dei om eg ikkje kunne kome kvar dag etter vinterferien i ein månad, hundre prosent, og det kunne eg. Sjølvsagt! Det er nesten så ein får lyst til å konvertere. (Om eg prøvde kunne eg sjølvsagt òg klare å finne grunnar som taler mot å konvertere, men i høve det er sanning i det gamle ordtaket om å ikkje bite handa som før deg, lar eg den ballen liggje. Enn so lengje. Ein kan fort kome til å trø feil i slikt ulent terreng…) 

Ganske nøgd med tilvere.


tirsdag, juni 01, 2010

Elin løyser midtaustenkonflikten, one alvorsprat at the time

Kva er regelen om å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn? Hei! Sjå på meg. No snakkar eg, og når eg snakkar, kva er det du skal gjere då? Du skal vere …? Stille, ja, og kva meir skal du gjere? Nettopp! Du skal høyre etter. Høyrer du etter no? Flott. Kva var det eg spurde deg om? Du veit ikkje? Det er av di du ikkje høyrer etter. Eg spurde kva regelen om å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn er. Veit du ikkje? Å, du veit det. Vil du ikkje seie det? Er det lov å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn? Du, sjå på meg. Har du lov å gjere åtakskip i internasjonale farvatn? Nei, heilt rett, det har du ikkje. Men når du veit at du ikkje har lov til å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn, kvifor gjer du det då? Hadde dei våpen, seier du? Men du, Tyrkia hadde jo skjekka det, at dei ikkje hadde våpen. Jammen, kvifor stoler du ikkje på Tyrkia då? De har jo vore vener lengje, de. Ja, eg veit at Tyrkia ikkje vil vere venen din lenger, men trur du at du kanskje må ta noko av skulda for det? Nei vel… Av di Tyrkia er teit og dessutan hadde skipa våpen? Ja, ja, ja, eg skal sjå på bilete ditt. Eg ser. Men du, er du sikker på at dette er våpen, og ikkje verkty og kjøkkenutstyr? Du meiner det er våpen? Våpen som dei skulle smugle inn i Gaza til Hamas? Så det du seier er at heile denne humanitære aksjonen er eit skalkeskjul for å få smugla inn eit artilleri av kjøkkenknivar og skiftenøklar til uvenen din? Men du, sjølv om det skulle vere slik at det hadde vore våpen på skipa… Hyssssj. Du, no er det eg som snakkar. Sjølv om det skulle vere slik at det hadde vore våpen på skipa, tyder det at du har lov å gjere åtak på dei i internasjonale farvatn? Du, kva var det vi nettopp sa om regelen om å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn? Nemleg, det er ikkje lov. Så, sjølv om du trur at dei har våpen, og sjølv om dei er vener med uvenen din, viss dei ligg i internasjonalt farvatn, så har du ikkje lov til å gjere åtak på dei. Er det greitt? Du, sjå på meg. Augo denne vegen. Er det greitt? Du har ikkje lov til å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn. Er-det-greitt? Aldri meir? Du, eg er ikkje så interessert i kven som byrja. Ro deg ned. Også ser du på meg. Jammen, eg skal snakke med dei òg, men akkurat no snakkar eg med deg, og no fortel eg deg at du ikkje har lov til å gjere åtak mot skip i internasjonale farvatn. Okei? Greitt. Skal du seie orsak, då? Nei? Men du, når me har gjort noko gale, så må me jo be om orsaking. Ikkje? Jammen då tykkjer eg at du skal sitje har på benken en stund og tenkje deg om. Så kan du tenkje litt på dei tinga som du gjorde, også kan du tenkje litt på dei tinga som dei gjorde, også kan du tenkje litt på korleis du opplevde dei tinga som dei gjorde, også kan du tenkje litt på korleis du trur dei opplevde dei tinga som du gjorde. Eg kjem og hentar deg om ei lita stund.

fredag, mai 15, 2009

Hippopotomonstrosesquippedaliofobi

Er det fleire enn meg som let seg underhalde ein liten smule av at

hippopotomonstrosesquippedaliofobi tyder angst for lange ord? Mi verd vart straks litt lysare. Sjølv er eg litt fan, kjenner eg. Av lange ord, altså. Hippopotomonstrosesquippedaliofil. Eg hugsar til dømes gleda over å finne ein filmomtale som refererte til Charlie i Charlie og sjokoladefabrikken som tannkremtubekorkpåskruarsonen. Eller strengt tatt tannkremtubekorkpåskruersønnen, for filmomtala var skriven på bokmål. Same det. Eg liker lange ord på begge målføre. Eller, som i det fyrste dømet – hippopotomonstrosesquippedaliofobi – derivert frå gresk og latin. Lat meg etymologisere: Hippopoto er brukt i tydinga 'stor'. Ordet kjem frå det greske hippopotamushippo tyder 'hest' og potamos tyder 'elv'. Ein hippopotamus er altså ein 'elvehest', eller ein flodhest. Hugsar dykk forresten den Poirot-episoden kor Hastings forklarer at Mesopotamia tyder 'mellom to elvar'. Meso, seier han fyrst, tyder 'elv', medan potamia tyder 'mellom', men så skjøner han at det må være omvendt. Potamia er 'elv' og meso er 'mellom'. Elles hadde jo hippopotamus tyda 'mellom to hestar'. Jadda, den gjekk ut til alle Christie-nerdane der ute… Anyways. Hippopotomonstrosesquippedaliofobi. Hippopoto er lik 'stor'. Hippopotamine har vorte brukt i tydinga 'stor' sidan 1847. Spanande at det fins eit årstal, eigentleg. Akkurat i 1847 fann dei ut at flodhestar er skikkeleg store, så då ville dei at 'flodhest' òg skulle kunne tyde 'skikkeleg stor'. Her er det fleire ting eg heng meg opp i, kjenner eg. For det fyrste, kvifor 1847? Visste dei ikkje at flodhestar er skikkeleg store i 1846 eller 1839 eller 1798? Kor kom denne openberringa frå og kvifor kom han fyrst i 1847? For det andre, kvifor flodhest? Kvifor ikkje elefant. Eg veit ikkje så mykje om korkje flodhestar eller elefantar, men eg vil likevel hevde at det lett går to flodhestar på ein elefant. Kanskje tre. Kvifor er det ikkje 'elefant' som tyder 'skikkeleg stor'? Gnomar. Denne etymologiseringa vert berre digresjonar. Tilbake til hippopotomonstrosesquippedaliofobi, sporenstreks. Hippopoto tyder 'stor' og det fins det presedens for. Gnomepresedens, men likevel presedens. Monstr kjem frå latin og tyder 'uhyrleg'. Fuge-o, berre på gøy. Sesquippedali er òg latin. Det kjem av sesquipedalian som bokstaveleg tala tyder 'ein og ein halv fot lang', men i overført tyding vert det brukt om eit skikkeleg langt ord. Nok ein fuge-o, berre for gøy. Tilslutt fobi, av gresk phobia, som sjølvsagt tyder 'angst for'. Alt Wikipedia kan opplyse ein om! Etymologiseringa tyder på at orda ein er redd for om ein lid av hippopotomonstrosesquippedaliofobi, er skikkeleg, skikkeleg lange. Uhyrleg store og skikkeleg lange. Men eg er som sagt ingen hippopotomonstrosesquippedaliofob. Om nokon derimot skulle tilskrive meg eit snev av grafofobi i samband med masteroppgåva mi, vil eg vanskeleg kunne nekte for det.


torsdag, april 23, 2009

Djupt og vakkert

Eg skulle sjølvsagt spart denne til Valentine’s Day eller eit anna kjærleikshyllande (les: kommersielt) høve, men er ikkje eigentleg alle dagar alle hjarters dag? Eigentleg? Slik burde det i alle fall vere. Difor slepp eg til Tim Minchin i dag, sjølv om det er 23. april, ikkje 14 februar. Me kan alle ha godt av å verte mint på dette mirakelet som er kjærleiken. Minchin syng det som no har vorte min yndlingskjærleiksballade, ein song han har skrive til kona si. Som sagt, djupt og vakkert.


onsdag, november 05, 2008

Yes, we can!










Klokka er cirka kvart over fem om morgonen. To norske studentar i London ser på kvarandre og innrømmer, nesten litt motvillig, etter ei lang natt metta av kynisme, heimleg politisk satire og store mengder ironisk distanse, at jo, det er kanskje håp for menneskeslekta likevel.

fredag, september 05, 2008

Holland Park ...


...er ikkje liten




Det er jo gjerne slik at parkane i dette landet ikkje er små, og Holland Park er ikkje noko unntak. Gigahumongous. Og han ligg rett utanfor huset mitt. Mitt og mitt… Huset til KFUK. Huset eg bur i. Men i alle fall… Kjempesvær. Inni parken finnst små miniparkar og hagar og tehus og ekorn og ekorn og ekorn og påfuglar. Og benkar. Slike menger med benkar. Med inskripsjonar. De veit, slike á la ”Til minne om Salim som elska å gå tur i denne parken og pla kvile under desse greinene” eller ”Til minne om Rose som elska denne hagen”. Litt koseleg, eigentleg. Eg har teke bilete. Enjoy.






























søndag, juni 22, 2008

Målrørsla slår til igjen.


Somme tider skriv eg nynorsk. Rett nok ikkje svært ofte, og kanskje ikkje særskilt god nynorsk, men likevel. Eg er nemleg ikkje av dei som hadde eit ugreitt forhold til sidemål på skulen. Moglegvis av di eg då, politisk sett, sto endå lengre til venstre enn det eg gjer no, og difor av prinsipp alltid støtta ’the underdog’ (...som jo er eit godt nynorsk omgrep…). Eller berre fordi eg er glad i språk. Og eg er glad i nynorsk. Heilt sikkert. Eg stiller meg bak parolen ”Ja til to målføre” kva tid som helst. Berre for å ha det sagt… Før eg seier noko svært politisk ukorrekt... Held dykk fast. -Nynorsk - har - ein - stor - feil. Det er nesten så eg høyrer dei sjokkerte gispa dykkar, men lat meg forklare. Nynorsk manglar eit ord. Eit ord eg treng når eg skriv. Eit lite fyllord som mogleggjer naturleg motstridande argumentasjon. Nynorsk manglar ’imidlertid’. I fylje ordboka og Norsk Språkråd er ’imidlertid’ som kjend ikkje eit tillete ord på nynorsk. No er det ikkje slik at eg meiner at ordboka og Norsk Språkråd sine tilrådingar naudsynlegvis skal sjåast som autoritative fasitar i språkspørsmål. Det må jo seiast, ærleg talt, at Språkrådet ikkje alltid veit kva dei driv med. Ta ordet ’lønsj’ til dømes. Det har ein ikkje lov til å skrive. Korkje på bokmål eller på nynorsk. Derimot har ein lov til å skrive ’lunsj’. Substantivet ’lunsj’ og verbet ’å lunsje’. Av di ein skal fornorske framandord, men berre litt. Her er det berre ein ting å seie, og det er ’gnomespråkråd’. Eg skriv difor ’lønsj’ utan å blunke. Eg har heller ingen aversjonar mot å bruke nynorske ord i bokmål. ’Høve’, til dømes. Det er slikt eit godt ord at eg berre må bruke det av og til, sjølv om eg skriv bokmål. Likevel får eg meg ikkje til å skrive ’imidlertid’ på nynorsk. Eg kan ikkje gjere det. Det går ikkje. Det sømer seg ikkje. Av di ’lønsj’ er eit skritt i retning god norsk, mens ’imidlertid’ er eit skritt i retning god tysk. Slikt gjer ein berre ikkje. Ikkje på nynorsk… Og då var eg vel avslørt. Som språksnobb… Men altså, reint bortsett frå ’imidlertid’, kva tykkjer de er det ultimate ikkjenynorskordet? Eg held ein knapp på ’anbefalelsesverdig’.