lørdag, august 11, 2012

Hei, igjen...


Ja, kva skjedde eigentleg med alle gode føremål om å blogge oftare (jf. førre bloggposten…)? Om eg kastar blikket ned på bloggarkivet (i sidebaren…), ser eg at eg ikkje har lagt ut noko i det heile i 2012.  (Om de kastar blikket ned på bloggarkivet, vil de sjå at eg har blogga i 2012. Om de les dette har eg nemleg somla meg til å leggje ut denne posten, men førebels, medan eg skriv dette, har eg ikkje det… enno…) Førre innlegg var i april 2011. Det er altså godt over eit år sidan sist.  Kva kan eg seie? Det er lengje sidan eg konkluderte med at bloggoppdatering ikkje er mi sterkaste side…

Det er ikkje det at eg ikkje har tenkt på det. Tanken har slege meg ganske ofte, faktisk, men så har det ikkje vorte til at eg har gjort noko med det. Anten har det heile vorte borte i prokrastinering eller så har det drukna i ein overambisjon om at om det fyrst skal bloggast, så skal det gjerast ordentleg. Dette siste er berre teit. Det er ingenting i denne bloggen som tyder på at lista ligg høgt. Difor, altså, denne posten... Om at eg ikkje har blogga på lengje...  Berre for å senke lista i hovudet mitt, liksom, slik at eg kanskje kan kome i gang igjen. Vonleg. Kanskje. Me for sjå.