Er det fleire enn meg som let seg underhalde ein liten smule av at
hippopotomonstrosesquippedaliofobi tyder angst for lange ord? Mi verd vart straks litt lysare. Sjølv er eg litt fan, kjenner eg. Av lange ord, altså. Hippopotomonstrosesquippedaliofil. Eg hugsar til dømes gleda over å finne ein filmomtale som refererte til Charlie i Charlie og sjokoladefabrikken som tannkremtubekorkpåskruarsonen. Eller strengt tatt tannkremtubekorkpåskruersønnen, for filmomtala var skriven på bokmål. Same det. Eg liker lange ord på begge målføre. Eller, som i det fyrste dømet – hippopotomonstrosesquippedaliofobi – derivert frå gresk og latin. Lat meg etymologisere: Hippopoto er brukt i tydinga 'stor'. Ordet kjem frå det greske hippopotamus – hippo tyder 'hest' og potamos tyder 'elv'. Ein hippopotamus er altså ein 'elvehest', eller ein flodhest. Hugsar dykk forresten den Poirot-episoden kor Hastings forklarer at Mesopotamia tyder 'mellom to elvar'. Meso, seier han fyrst, tyder 'elv', medan potamia tyder 'mellom', men så skjøner han at det må være omvendt. Potamia er 'elv' og meso er 'mellom'. Elles hadde jo hippopotamus tyda 'mellom to hestar'. Jadda, den gjekk ut til alle Christie-nerdane der ute… Anyways. Hippopotomonstrosesquippedaliofobi. Hippopoto er lik 'stor'. Hippopotamine har vorte brukt i tydinga 'stor' sidan 1847. Spanande at det fins eit årstal, eigentleg. Akkurat i 1847 fann dei ut at flodhestar er skikkeleg store, så då ville dei at 'flodhest' òg skulle kunne tyde 'skikkeleg stor'. Her er det fleire ting eg heng meg opp i, kjenner eg. For det fyrste, kvifor 1847? Visste dei ikkje at flodhestar er skikkeleg store i 1846 eller 1839 eller 1798? Kor kom denne openberringa frå og kvifor kom han fyrst i 1847? For det andre, kvifor flodhest? Kvifor ikkje elefant. Eg veit ikkje så mykje om korkje flodhestar eller elefantar, men eg vil likevel hevde at det lett går to flodhestar på ein elefant. Kanskje tre. Kvifor er det ikkje 'elefant' som tyder 'skikkeleg stor'? Gnomar. Denne etymologiseringa vert berre digresjonar. Tilbake til hippopotomonstrosesquippedaliofobi, sporenstreks. Hippopoto tyder 'stor' og det fins det presedens for. Gnomepresedens, men likevel presedens. Monstr kjem frå latin og tyder 'uhyrleg'. Fuge-o, berre på gøy. Sesquippedali er òg latin. Det kjem av sesquipedalian som bokstaveleg tala tyder 'ein og ein halv fot lang', men i overført tyding vert det brukt om eit skikkeleg langt ord. Nok ein fuge-o, berre for gøy. Tilslutt fobi, av gresk phobia, som sjølvsagt tyder 'angst for'. Alt Wikipedia kan opplyse ein om! Etymologiseringa tyder på at orda ein er redd for om ein lid av hippopotomonstrosesquippedaliofobi, er skikkeleg, skikkeleg lange. Uhyrleg store og skikkeleg lange. Men eg er som sagt ingen hippopotomonstrosesquippedaliofob. Om nokon derimot skulle tilskrive meg eit snev av grafofobi i samband med masteroppgåva mi, vil eg vanskeleg kunne nekte for det.