tirsdag, juni 01, 2010

Elin løyser midtaustenkonflikten, one alvorsprat at the time

Kva er regelen om å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn? Hei! Sjå på meg. No snakkar eg, og når eg snakkar, kva er det du skal gjere då? Du skal vere …? Stille, ja, og kva meir skal du gjere? Nettopp! Du skal høyre etter. Høyrer du etter no? Flott. Kva var det eg spurde deg om? Du veit ikkje? Det er av di du ikkje høyrer etter. Eg spurde kva regelen om å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn er. Veit du ikkje? Å, du veit det. Vil du ikkje seie det? Er det lov å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn? Du, sjå på meg. Har du lov å gjere åtakskip i internasjonale farvatn? Nei, heilt rett, det har du ikkje. Men når du veit at du ikkje har lov til å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn, kvifor gjer du det då? Hadde dei våpen, seier du? Men du, Tyrkia hadde jo skjekka det, at dei ikkje hadde våpen. Jammen, kvifor stoler du ikkje på Tyrkia då? De har jo vore vener lengje, de. Ja, eg veit at Tyrkia ikkje vil vere venen din lenger, men trur du at du kanskje må ta noko av skulda for det? Nei vel… Av di Tyrkia er teit og dessutan hadde skipa våpen? Ja, ja, ja, eg skal sjå på bilete ditt. Eg ser. Men du, er du sikker på at dette er våpen, og ikkje verkty og kjøkkenutstyr? Du meiner det er våpen? Våpen som dei skulle smugle inn i Gaza til Hamas? Så det du seier er at heile denne humanitære aksjonen er eit skalkeskjul for å få smugla inn eit artilleri av kjøkkenknivar og skiftenøklar til uvenen din? Men du, sjølv om det skulle vere slik at det hadde vore våpen på skipa… Hyssssj. Du, no er det eg som snakkar. Sjølv om det skulle vere slik at det hadde vore våpen på skipa, tyder det at du har lov å gjere åtak på dei i internasjonale farvatn? Du, kva var det vi nettopp sa om regelen om å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn? Nemleg, det er ikkje lov. Så, sjølv om du trur at dei har våpen, og sjølv om dei er vener med uvenen din, viss dei ligg i internasjonalt farvatn, så har du ikkje lov til å gjere åtak på dei. Er det greitt? Du, sjå på meg. Augo denne vegen. Er det greitt? Du har ikkje lov til å gjere åtak på skip i internasjonale farvatn. Er-det-greitt? Aldri meir? Du, eg er ikkje så interessert i kven som byrja. Ro deg ned. Også ser du på meg. Jammen, eg skal snakke med dei òg, men akkurat no snakkar eg med deg, og no fortel eg deg at du ikkje har lov til å gjere åtak mot skip i internasjonale farvatn. Okei? Greitt. Skal du seie orsak, då? Nei? Men du, når me har gjort noko gale, så må me jo be om orsaking. Ikkje? Jammen då tykkjer eg at du skal sitje har på benken en stund og tenkje deg om. Så kan du tenkje litt på dei tinga som du gjorde, også kan du tenkje litt på dei tinga som dei gjorde, også kan du tenkje litt på korleis du opplevde dei tinga som dei gjorde, også kan du tenkje litt på korleis du trur dei opplevde dei tinga som du gjorde. Eg kjem og hentar deg om ei lita stund.