torsdag, oktober 04, 2012

Going pink for october



Då var det den tida av året igjen. Nokre dagar på overtid, men bloggen vart rosa i år også. Klikk på banneret i sidabaren og les om Rosa Sløyfe-aksjonen. Kom igjen, då! Det er jo slik telle-greie og alt og det. Kom, igjen, kom igjen, kom igjen… Eg er sikker på at me saman klarer å få det talet opp i… I alle fall tre. Det må vere to sjeler der ute som klarer å falle innom bloggen ein gong i laupet av oktober, vel?

fredag, august 17, 2012

Eg treng ein jobb!


Helst ein lærarjobb, men ein helgejobb hadde og vore fint om det eg skulle få av lærarjobbing berra var lause vikartimar her og der. Ja, ja, eg veit, is i magen og alt det der, men eg kjenner eg byrjar å verte berre bittelitt stressa… Berre nemner det, liksom…

søndag, august 12, 2012

Jeg har registrert


at de har trommet sammen til et mindre idrettsarrangement på andre siden av Nordsjøen et sted, men jeg kjenner at det bryr meg sånn cirka midt på ryggen.

lørdag, august 11, 2012

Hei, igjen...


Ja, kva skjedde eigentleg med alle gode føremål om å blogge oftare (jf. førre bloggposten…)? Om eg kastar blikket ned på bloggarkivet (i sidebaren…), ser eg at eg ikkje har lagt ut noko i det heile i 2012.  (Om de kastar blikket ned på bloggarkivet, vil de sjå at eg har blogga i 2012. Om de les dette har eg nemleg somla meg til å leggje ut denne posten, men førebels, medan eg skriv dette, har eg ikkje det… enno…) Førre innlegg var i april 2011. Det er altså godt over eit år sidan sist.  Kva kan eg seie? Det er lengje sidan eg konkluderte med at bloggoppdatering ikkje er mi sterkaste side…

Det er ikkje det at eg ikkje har tenkt på det. Tanken har slege meg ganske ofte, faktisk, men så har det ikkje vorte til at eg har gjort noko med det. Anten har det heile vorte borte i prokrastinering eller så har det drukna i ein overambisjon om at om det fyrst skal bloggast, så skal det gjerast ordentleg. Dette siste er berre teit. Det er ingenting i denne bloggen som tyder på at lista ligg høgt. Difor, altså, denne posten... Om at eg ikkje har blogga på lengje...  Berre for å senke lista i hovudet mitt, liksom, slik at eg kanskje kan kome i gang igjen. Vonleg. Kanskje. Me for sjå.