
Somme tider skriv eg nynorsk. Rett nok ikkje svært ofte, og kanskje ikkje særskilt god nynorsk, men likevel. Eg er nemleg ikkje av dei som hadde eit ugreitt forhold til sidemål på skulen. Moglegvis av di eg då, politisk sett, sto endå lengre til venstre enn det eg gjer no, og difor av prinsipp alltid støtta ’the underdog’ (...som jo er eit godt nynorsk omgrep…). Eller berre fordi eg er glad i språk. Og eg er glad i nynorsk. Heilt sikkert. Eg stiller meg bak parolen ”Ja til to målføre” kva tid som helst. Berre for å ha det sagt… Før eg seier noko svært politisk ukorrekt... Held dykk fast. -Nynorsk - har - ein - stor - feil. Det er nesten så eg høyrer dei sjokkerte gispa dykkar, men lat meg forklare. Nynorsk manglar eit ord. Eit ord eg treng når eg skriv. Eit lite fyllord som mogleggjer naturleg motstridande argumentasjon. Nynorsk manglar ’imidlertid’. I fylje ordboka og Norsk Språkråd er ’imidlertid’ som kjend ikkje eit tillete ord på nynorsk. No er det ikkje slik at eg meiner at ordboka og Norsk Språkråd sine tilrådingar naudsynlegvis skal sjåast som autoritative fasitar i språkspørsmål. Det må jo seiast, ærleg talt, at Språkrådet ikkje alltid veit kva dei driv med. Ta ordet ’lønsj’ til dømes. Det har ein ikkje lov til å skrive. Korkje på bokmål eller på nynorsk. Derimot har ein lov til å skrive ’lunsj’. Substantivet ’lunsj’ og verbet ’å lunsje’. Av di ein skal fornorske framandord, men berre litt. Her er det berre ein ting å seie, og det er ’gnomespråkråd’. Eg skriv difor ’lønsj’ utan å blunke. Eg har heller ingen aversjonar mot å bruke nynorske ord i bokmål. ’Høve’, til dømes. Det er slikt eit godt ord at eg berre må bruke det av og til, sjølv om eg skriv bokmål. Likevel får eg meg ikkje til å skrive ’imidlertid’ på nynorsk. Eg kan ikkje gjere det. Det går ikkje. Det sømer seg ikkje. Av di ’lønsj’ er eit skritt i retning god norsk, mens ’imidlertid’ er eit skritt i retning god tysk. Slikt gjer ein berre ikkje. Ikkje på nynorsk… Og då var eg vel avslørt. Som språksnobb… Men altså, reint bortsett frå ’imidlertid’, kva tykkjer de er det ultimate ikkjenynorskordet? Eg held ein knapp på ’anbefalelsesverdig’.
Ja til nynorsk
SvarSlettJaran kjem garantert til å reagere no, men det drit eg litt i: du, Elin er min helt! Lunsj er noko drit, sørvis er heldigvis eit av dei betre eksempla på fornorsking, synast eg! Sjølv om det jo ikkje er store greiene, plar eg bruke "for augneblinken" eller "trass i dette" (alt etter kva som høver seg best, sjølvsagt) i staden for "imidlertid" der det ville falle seg naturleg på bokmål...
SvarSlettAs for (nok eit perfekt nynorsk omgrep) det absolutte ikkjenynorskordet, vel eg løype - VERBET løype. Ja, nettopp. I ei setning ville det bli t.d.: Eg løyp heilt frå meg til deg. No er eg utsliten.
Posting på nynorsk, så imponerande:-) Men du er jo og kjend for å levere oppgåver på nynorsk, så eg burde ha venta det. No ser eg fram til fleire postar på nynorsk - det blir vel ca annakvar frå no? Mangelen av "imidlertid" på nynorsk er berre ei oppmoding om språkleg kreativitet;-)
SvarSlettOi. Dette var en ny og ukjent side ved deg.
SvarSlettSom det ultimate ikkenynorskord nominerer jeg herved:
rrukzttt
(Det er et ord - helt sant. Jeg vet bare ikke hva det står for helt ennå.)
er imponert langt inn i min røde sjel;) og syntes ærlig talt det er supercalifragilisticexpialidocious at du slår et slag for nynorsk. så vil jeg videre ha sagt at jeg skriver meget konservativt bokmål, har det fint med det, og er generelt imot alt som kan minne om fornorsking! burr! hvis det er, så skal det lages nye ord, helt splitter pine nye ord! Men for all del, kan norsk språkråd fornorske, kan du:)
SvarSlett