tirsdag, mars 01, 2011

Sidan sist

Når førre posten heiter “God jul” og me no kan helse kvarandre “god mars”, seier det sitt om oppdateringsfrikvensen til denne bloggaren. Det hadde vore fint å kunne hevde at manglande bloggoppdatering skuldast aktivt og innhaldsrikt liv utanfor bloggsfæren, eller utanfor internetten generelt for den saks skuld, men ein slik påstand ville vore dikt og forbanna løgn. Ikkje det at eg har eit aktivt og innhaldsrikt liv i bloggsfæren eller på internetten heller. Ein slik påstand ville òg kome i kategorien sanning med modifikasjonar. Livet mitt inneheld nemleg ein heil del ganske mykje ingenting. Årsakssamanhengen bak den manglande bloggoppdateringa har difor nøye samanheng med generell latskap. Så veit de det…

Sidan sist, det vil seie julekvelden, har eg drive ein del med jobbing og ein del med jobbsøking. Eg har nemleg hatt den noko tvilsame gleda (eller ei anna kjensle…) av ei adeccotilknyting, som eg no må klare meg utan ettersom St. Paul (skulen, ikkje helgenen… I alle fall ikkje så vidt eg veit…) hadde medynk med meg og skreiv meg på vikarlista si. Hurra! Eigentleg skulle dei ikkje ha bruk for meg før etter vinterferien, men så fekk eg ei tekstmelding på torsdag om eg ikkje kunne kome fredag, og det kunne eg. Sjølvsagt! Så spurde dei om eg ikkje kunne kome kvar dag etter vinterferien i ein månad, hundre prosent, og det kunne eg. Sjølvsagt! Det er nesten så ein får lyst til å konvertere. (Om eg prøvde kunne eg sjølvsagt òg klare å finne grunnar som taler mot å konvertere, men i høve det er sanning i det gamle ordtaket om å ikkje bite handa som før deg, lar eg den ballen liggje. Enn so lengje. Ein kan fort kome til å trø feil i slikt ulent terreng…) 

Ganske nøgd med tilvere.


2 kommentarer:

  1. Frikvens faktisk. Har hatt mye oppdateringsfri på egen blogg så føler ikke jeg kan klage på din oppdateringsfrekvens:-)

    SvarSlett
  2. Hihi:) Nokon har dikta eit nytt ord:D

    SvarSlett