torsdag, mars 10, 2011

Teleskopet mitt er større enn ditt, så det så!

Takk til Silje som gjorde meg merksam på vitskapsmennene sin kreativitet når det gjeld namneval til apparat og duppedingsar. 
Her, til dømes, er eit bilete av eit veldig stort teleskop dei har bygd å ørkenen i Chile. Det vert kalla VLT, som sjølvsagt står for Very Large Telescope. Slik kreativitet! Slik fantasi! 

Det finst likevel fleire teleskop som er større enn VLT. Mange vil sikkert seie dei er ekstremt store. Eit av desse ligg dessutan i Europa, og har fylgjeleg fått det fantasifulle namnet E-ELT, eller European Extremely Large Telescope. 

Eg likar tanken på desse vitskapsmennene samla rundt eit bord til alvorlege namnedrøftingar. - Kva skal me kalle maskina?
- Eg veit ikkje… Ho er jo stor…
- Og, det er jo eit teleskop…
- Tenkjer de det same som eg, gutar? Det er jo genialt!
- Ja, men det heiter jo det teleskopet i Chile de veit, og vårt teleskop er jo større. Tenk om nokon skulle kome til å tru at vårt teleskop berre er veldig stort, slik teleskopet i Chile er.
- Nettopp! Eg vil hevde at vårt er ekstremt stort, ikkje berre veldig stort…
- Jau då, men kanskje me òg skal presisere kor me har bygd det, så vert det lettare å finne, meiner eg. 

Snart kjem det eit nytt teleskop. Det skal hete Det aller besteste gigahumongous superteleskopet i indre Gokk (ved Spar-butikken). Eg gler meg.

3 kommentarer:

  1. Som alltid glad for å vera inspiratrise.
    Føler elles dette berre bygger opp under min påstand om at me treng eit teleskop.

    SvarSlett
  2. DABGSTIIG(VSB)-teleskopet, altså.

    SvarSlett