torsdag, april 23, 2009

Djupt og vakkert

Eg skulle sjølvsagt spart denne til Valentine’s Day eller eit anna kjærleikshyllande (les: kommersielt) høve, men er ikkje eigentleg alle dagar alle hjarters dag? Eigentleg? Slik burde det i alle fall vere. Difor slepp eg til Tim Minchin i dag, sjølv om det er 23. april, ikkje 14 februar. Me kan alle ha godt av å verte mint på dette mirakelet som er kjærleiken. Minchin syng det som no har vorte min yndlingskjærleiksballade, ein song han har skrive til kona si. Som sagt, djupt og vakkert.


2 kommentarer: